Programleiar Tom Stiansen er programleiar for 71 grader nord. Onsdag er han og crewet i Skjåk.
(Foto: Hans Erik Kjosbakken)

Programleiar Tom Stiansen er programleiar for 71 grader nord. Onsdag er han og crewet i Skjåk. Foto: Hans Erik Kjosbakken

71 grader nord i Skjåk

Onsdag morgon og føremiddag blir eitt av Noregs mest populære program spelt inn i Skjåk.

Episode 6 og 7 av sesongens 71 grader nord blir spelt inn i Jotunheimen og i Skjåk. Deltakarane skal i løpet av turen frå Lindesnes til Nordkapp, gjennom mange utfordringar til lands og til vanns.

Etter flotte dagar, blant anna på Galdhøpiggen, i Jotuheimen - er det onsdag rafting i Ottaelva som står på programmet.

Programleiar Tom Stiansen kan fortelja at serien kjem på TV i slutten av oktober. Han tykkjer elles det er stas å vera i området, som han kjenner godt frå tida som toppalpinist.

Det er Stiansens 12. år som programleiar for den populære serien.

Vollungsbrue Neda Vollungsbrua skal deltakarane i land og ta sykkelen fatt for ein ny etappe. Crewet klargjer utstyret.
(Foto: Hans Erik Kjosbakken)

Vollungsbrue Neda Vollungsbrua skal deltakarane i land og ta sykkelen fatt for ein ny etappe. Crewet klargjer utstyret. Foto: Hans Erik Kjosbakken

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå: