Nominert til «Årets butikk»

Coop Marked Lalm er nominert til «Årets butikk».

Nominert Coop Marked Lalm er nominert til Årets butikk.Foto: ARVE DANIELSEN

Nyheiter

Måndag kveld blir det avgjort kven som blir kåra til «Årets butikk» innan Coop Marked sine butikkar i landet.

Coop Marked Lalm er nominert til prisen i region Austlandet.

Direktør Rune Fossmo i Coop Ottadalen fortel at det er cirka 350 Coop Marked-butikkar i landet.

– Det er stort å koma så langt at ein er nominert til prisen, seier Fossmo.

Han er på ei samling av Coop Marked og Matkroken på Gardermoen, der prisen skal delast ut måndag kveld.