For 72 år sidan vart Noreg frigjort etter fem års tysk okkupasjon. 8. mai har sidan årvisst vorte markert over heile landet.

I Nordberg i Skjåk vart det lagt ned krans ved minnestøtta til dei to skjåkværane som omkom under krigen, sjømennene Gudmund Bøyeie og Saras Partapouli.

– Det er stadig viktig å markere at vi lever i eit fritt og sjølvstendig land, sa ordførar Elias Sperstad.

Også i Vågå vart 8. mai markert måndag kveld.