Brannstyret for Lom og Skjåk har behandla ein førespurnad frå Vågå om eit mogleg samarbeid mellom Vågå, Lom og Skjåk brannvesen.

Brannsjef Atle Festervoll meiner at eit samarbeid om felles brannvesen med Vågå kan vere ei god løysing.

Ein skal nå arbeide vidare med utgreiing av felles brannvesen Vågå, Lom og Skjåk, og at det blir utarbeidd forslag til samarbeidsavtale som bli lagt fram for kommunestyra i dei tre kommunane.

Brannstyret for Lom og Skjåk ber om ei avklaring frå Vågå i saka innan 15. juni for at ei avtale kan behandlast i kommunestyra i haust med sikte på felles brannvesen frå 1. januar 2018.

Da formannskapet i Vågå behandla saka i mars i år, vart det også vedteke å utgreie eit mogleg samarbeid mellom Vågå og Sel, i tillegg til Vågå, Lom og Skjåk. Eventuelt alle fire.

I mars 2013 hadde brannvesena i Sel, Vågå, Lom og Skjåk utarbeidd ein rapport om felles brannvesen. Denne rapporten gav totalt ein kostnadsauke på 600.000 kroner. Dette forslaget vart det av forskjellige grunnar ikkje noko av.