Av Terje Lisødegård

Skjåk Balder, åtte år gamal, vart like godt «Dagens hest» på Stav. Det vil seie best av alle 30 hingstar som stilte til kamp om sløyfer og heider.

Rudsar Borgar, som er son av Skjåk Balder, beheldt sin tredjepremie frå i fjor.

Men det stoppa ikkje der for Bøhle og Fallingen. Også Borgars heilbror, Rudsar, tre år gamal, vart kåra for avl og vart nummer tre i kvalitet i den 17 hester sterke treårs-klassa på Stav.

Og det skjedde akkurat på bursdagen til Mona Bøhle. Eit lykkeleg samantreff, skulle vi meine.

– Eg håpar at mor har blautkake klar når vi kjem heim att, ler Mona, som verkelig har grunn til å feire ei skikkelig bra og hektisk helg på Stav.

Les meir i papiravisa.