Like etter klokka 17 rykka politiet i Ottadalen ut til eit stein- og isras ved Bispberget i Bismo.

Naudetatane er i ferd med å søkje over området. Det var observert ein «raud gjenstand» før raset, som ikkje er identifisert enda.

Både friviljuge og helikopter deltek i søket.

Raset har gått på austsida av Bispberget. Det går opp eit råk frå Synste Forberg-garden og opp på Bispberget.

Saka blir oppdatert.