Like etter klokka 17 laurdag ettermiddag rykka politiet i Ottadalen ut til meldinga om eit stein- og isras ved Bispberget i Bismo.

Det var folk som var kjent i området og som hadde gått tur i området, som hadde meldt frå om raset.

Ei stor steinblokk hadde losna i berget og vart knust da den falt ned. Raset gjekk over råket som går opp på Bispberget frå Synste Forberg-garden.

Ein turgåar hadde meldt om ein «raud gjenstand» i rasområdet.

Luftambulansen gjorde søk over området, og det vart funne eit tøystykke. Dette tøystykket er det gjort greie for.

Klokka 19.25 melder politiet på Twitter at aksjonen er avslutta. Politiet har ingen grunn til å tru at nokon personar er tekne av raset.