Det kan nok hende at ein del lomværar tykkjer både Bjarne Eiolf Holø og andre hadde fortent ein kalddusj for at det har teke så lang tid for å få rehabilitert svømmebassenget i Utgard i Lom.

Mange elevar har hatt mangelfull svømmeopplæring dei siste åra, men nå er bassenget i orden og klart til å ta imot både elevar og innbyggjarar elles.

Lom og Skjåk Brass «fanfarerte» før Holø undra på korleis han skulle få klypt snora som var spent over bassenget.

– Det er ikkje noko å lure på det, sa dei vidaregåande elevane Torstein Bjørgen og Oliver Gården Sveen - før dei like godt kasta ordføraren uti bassenget.