Flyttar inn Leif Olsen i Tessand Byggservice kan ynskje Stig Joar Sanden og Roar Valbjørgsløkken i Proel velkomne til nye lokale. (Foto: ARVE DANIELSEN)

Flyttar inn Leif Olsen i Tessand Byggservice kan ynskje Stig Joar Sanden og Roar Valbjørgsløkken i Proel velkomne til nye lokale. Foto: ARVE DANIELSEN

Proel flyttar inn i nye lokal

Tessand Byggservice har flytta ein etasje opp, medan Proel overtek lokala nede og flyttar inn.

Brannen i industribygget i Vågå den 27. mars, førte til store materielle skader. 

For Proel fekk brannen store konsekvensar. Kontora og butikken fekk store vass- og sotskader. Lageret klarte seg bra. 

I tida etter brannen har administrasjonen i Proel vore på næringshagen, i tillegg til bruk av heimekontor. 

Denne veka flyttar Proel inn i kontorlokala til Tessand Byggservice. 

Leif Olsen i Tessand Byggservice fortel at dei og Garmo maskin har flytta kontora sine opp i ledige lokal i andre etasje, for å frigjere plass til Proel. 

Denne hjelpa set Roar Valbjørgsløkken og Stig Joar Sanden i Proel stor pris på. 

– Her kan dei få vere så lenge dei vil, seier Leif Olsen. 

Valbjørgsløkken trur det kan ta så lang tid som eitt år, før alt er renovert og bygd opp att etter brannen i industribygget. 

– Det er bra at vi får hjelp av Tessand Byggservice, seier Valbjørgsløkken. 

Skader Kontora og butikken til Proel fekk store vass- og sotskader under brannen. (Foto: ARVE DANIELSEN)

Skader Kontora og butikken til Proel fekk store vass- og sotskader under brannen. Foto: ARVE DANIELSEN

Meir å lese på Fjuken:
 
Kontor Snikkarfirmaet flytta sjølve opp i andre etasje for at el-firmaet kan flytte inn. 
(Foto: ARVE DANIELSEN)

Kontor Snikkarfirmaet flytta sjølve opp i andre etasje for at el-firmaet kan flytte inn.  Foto: ARVE DANIELSEN

Blir lese nå:
 

Ta bussen til fjells

I sommar kan ein ta bussen til fjells i Gudbrandsdalen og Valdres.

Skårar høgt i NAF-test

Skeid Kro i Skjåk og Bakeriet i Lom får skryt av NAF.

Billettsystem på Gjendebåten

Ny båt og booking gjev nytt rekordår

Gjendebåten ligg an til ein ny rekordsesong. Ny båt og billettsystem har noko av æra. 

Taus lokalradio i Skjåk

Ottadalsradioen slit med signal i Lom og Skjåk.

Får ros av landbruks- og matministeren

Landbruks- og matdepartementet rosar utviklinga på Billingen Seterpensjonat og Brimi Sæter.

Promillekøyring i Lom

Ein danske hadde tatt seg «en lille en» og vart stoppa av politiet i Lom sentrum.

Funne i god behald

Mannen som har vore sakna på Sognefjellet, er funne i god behald av leitemannskapa.

Leiteaksjon på Sognefjellet

Ein mann som skulle gå frå Nørstedalseter til Sognefjellshytta, er meldt sakna. Mannskap frå røde kors hjelpekorps deltek i leitaksjonen.

20. plass i NM i motbakkeløp

Vegard Galaaen frå Bøverdalen stilte laurdag i sitt fyrste NM i motbakkeløp. Av 192 startande kom han på 20. plass.

Solid innsats i Valdresrittet

Tormod Weydahl frå Ottadalen sykkelklubb vann klasse junior elite i Valdresrittet laurdag.

Vann NM på heimebane

Olav Opsanger  vann sin sjuande NM-tittel i hanggliding som vart avslutta i Vågå laurdag.