Anders Olderløkken frå Skjåk er lærling hjå Bring i Lom, men køyrer også mykje privat.

– Eg har nok 90.000 kilometer med personbil alt, fortel han.

13. april (datoen på dash-kameraet stemmer ikkje) var han og venene på tur. Like ved Joramo på Lesja kunne dei fått eit fatalt møte med ein stor elg.

– Det var berre flaks at det ikkje gjekk gale, seier Anders. Elgen trefte høgre sida med bakføtene medan framføtene tok spegelen på sida mi, fortel han.

«Kor mange har du teke nå», spør kameraten i passasjersetet.

Heile tre gonger, i Sverige, aust for Bismo i Skjåk og nå sist i Lesja, har Anders vore borti elg.

– Fyrst på eg hadde lappen, brydde eg meg ikkje om kva eg kunne møte. Nå har eg verkeleg fått respekt for dyr etter vegen og tenkjer meg om alle stader der eg køyrer, seier Anders som ber alle bilistar vera merksam på alt viltet som plutseleg kan hoppe inn i vegbana.

– Det er ikkje noko særleg å få eit dyr på 400 kilo inn i bilen, seier Anders som la ut videoen på Facebook-sida si som ein tankevekkar.

«Døm kjøm som lyn i frå klår himmil, og sjåføren har 1 sekund eller mindre å handle på», skriv han.