Sentrumssone Ei gruppe i Vågå Arbeidarparti går inn for lita sentrumssone. (Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV)

Sentrumssone Ei gruppe i Vågå Arbeidarparti går inn for lita sentrumssone. Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV

Ap snur i Vågå

Vågå arbeidarparti snur og tilrår lita sentrumssone.

Styret i Vågå Arbeiderparti har satt ned ei gruppe for å sjå på sentrumssone og Brustugujordet.

Gruppa har kome med eit forslag til styret som skal behandlast på styremøte onsdag 19. april og på medlemsmøte måndag 24. April. Formannskapet skal behandle kommunedelplan for Vågå tysdag 25. april.

Gruppa sitt forslag er at Vågå Arbeidarparti tek Fylkesmannen si motsegn til etterretning, og tilrår liten sentrumssone.

Det er semje i gruppa om at dei ynskjer aktivitet på Brustugujordet. Men gruppa meiner også det er viktig å ta omsyn til eksisterande næring i sentrum og arbeide for å finne løysingar som er utfyllande for sentrumshandelen, men også utviklande for Vågå som samfunn.

Gruppa har bestått av Odd Erik Sveen som har vore leiar, Jorid Kleiven, Bjørg Aaseng Vole, Helge Ramen og Sverre Braaten.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå: