Ingrid er medlem i dansegruppa «Salomes døtre», som har base på Hamar.

– Vi er 20 kvinner i godt vaksen alder. Den yngste er 67 år, den eldste 92. Vi tykkjer det er artig å syne fram at godt modne kvinner kan lære noko heilt nytt på ganske stutt tid, seier Ingrid.

Dansegruppa melde seg ikkje på Norske Talenter sjølve. Det var faktisk TV2 som ringde og spurte om dei ville vera med.

– Dei ringde etter at vi hadde ei samling i samband med at seniordansegruppa runda 15 år. Dei fleste i gruppa ville ikkje vera med i fjernsynssendingar, det var liksom for skummelt, tykte dei. Men etter kvart vart det fleire og fleire som sa ja, det berre balla på seg. Somme hadde sceneskrekk i starten, men nå går alt så fint! Vi håpar på full klaff i semifinalen, men denne gongen er det ikkje dommarane som skal bestemme, det er fjernsynssjåarane. Vi er jælma spente på korleis det vil gå, vedgår Ingrid.

Ho er svært begeistra for magedans. Ikkje berre for dansen i seg sjølv, men for dei positive verknadene dansen har på kroppen.

– Opp gjennom åra har eg vore sterkt plaga med vonde skuldre, men etter all øvinga og dansinga den siste tida har eg ikkje vore hjå kiropraktor på fleire månader. Det er ein «mjuk» dans, veit du, med mjuke rørsler. Vi er mjukare og strammare alle saman. Ei av damene var ganske krokrygga da ho tok til med magedans, men i det siste har ho retta seg heilt opp. Det er fantastisk.

Semifinalen går føre seg fredag 28. april. Det er ei direktesending. Det gjer det heile ekstra nervepirrande.

– Somme kjenner litt på nervane, men det går nok bra, trur Ingrid, som håpar på mange stemmer frå Ottadalen.

I finalen skal Salomes døtre framføre «Anitras dans».