Han er ikkje åleine om det synet.

I desember i fjor bad kommunestyret gruppeleiarane om å vurdere den politiske organiseringa på nytt. I 2003 gjekk Lom kommune vekk frå utvalsmodellen, men fleire politikarar har uttrykt frustrasjon over at dei er så lite «med».

– Forslaget frå gruppeleiarane er ikkje å innføre hovudutvalsmodellen på nytt, men å prøve ein komitèmodell. Det er prat om to komitear, ein for miljø, næring, kultur og oppvekst – og ein for helse, velferd, pleie og omsorg. Alle kommunstyremedlemane skal fordelast, det vil seia åtte representantar i den eine komiteen og sju i den andre, forklarar Holø.

Ordføraren har tru på at ein komitèmodell kan vitalisere rolla som politikar og gjera kommunestyret til ein meir attraktiv arena for politisk arbeid.

– Vil ikkje ein slik modell resultere i treigare saksbehandling?

– Dei to komiteane skal ikkje handtere alle saker, alt som til dømes hovudutval ville ha fått på bordet. Det er tenkt at komiteane skal behandle einskilde saker, dei tyngre og kompliserte. Slik det er i dag, som fleire har uttrykt, er det utfordrande å få berre ei veke frå innkalling til sakene skal avgjerast i kommunestyremøtet. Representantane har stutt tid til å setja seg inn i sakene, diskutere dei med gruppene og lande på ei beslutning. Somme representantar har kalla kommunestyret for eit «sandpåstrøingsorgan» nettopp fordi dei meiner sakene har vore avgjort i forkant. Nå er det ikkje slik, sjølvsagt, det er kommunestyret som bestemmer, men eg skjønar kva dei meiner, svarar ordførar Holø.

Kommunestyret skal ta stilling til forslaget neste veke.