– Ein liten kaffistopp, berre. Eg er på veg til hytta på vestlandet, sa den beskjedne karen da han steig ut av bilen.

Finn Smedbold var fast «påskepilot» ved Fjellredningsstasjonen i Lom frå 1977 til 1991, da han vart pensjonist. Han har mange minne frå dei 15 åra ved fjellredningsstasjonen i Lom, men tykkjer det er vanskeleg å trekkje fram spesielle hendingar. Han har vore med på ei mengd redningsoppdrag opp gjennom åra, naturleg nok.

– Det var vanskeleg å få Justisdepartementet til å løyve pengar til helikopter i Lom, men dei gjekk da med på å gje nokre tusenlappar til slutt, fortel han.

Somme påsker var det stille, andre påsker var det svært travelt. Påska 1987 var pilot Finn Smedbold og dei andre ved Fjellredningsstasjonen i Lom ute på heile 14 oppdrag.

– Men den gongen, før nettavisene kom, var det få journalistar som tok kontakt. Det var jo heilagdagar og dermed ingen papiraviser som kom ut. Ein måtte rett og slett ha flaks for å koma i avisa den gongen, ler han.

Arve Nørjordet har vore på vakt og oppdrag med Finn Smedbold mange gonger. Han fortel om ein svært sindig og roleg kar. Ein gong, på eit redningsoppdrag der to karar sat fast på ei fjellhylle under toppen av Store Skagastølstind, stussa han rett nok litt på pilot Smedbold.

– Det var ikkje godt flygevêr, og Smedbold sa: «Jeg skjønner det ikke». «Kva er det du ikkje skjønar?» spurte eg. Svaret frå Smedvold var: «Jeg skjønner ikke hva de vil oppi der...».

Avisutklipp frå 1977, det fyrste året det var stasjonert helikopter i Lom. Sjefpiloten det er bilde av: Ein ung Finn Smedbold. Foto: Avisutklipp