– Påskesprinten har passert grensa for det vi kan kalle ein tradisjon for lenge sidan. Det er fantastisk at det er liv i arrangementet så lenge etter at det starta fyrste gong, sa Bergheim, før han tok ansvaret for å starte dei ulike gruppene i årets Påskesprint.

Om lag 140 stilte på startstreken. Deltakarane var delt inn klassevis etter alder og gjekk ulike distanser. Stuttaste distanse var 500 meter, lengste 10 kilometer.

Fleire hundre personar var samla på arenaen rett ovanfor Grotli Høyfjellshotell. Der var det start- og målgang, liv og røre, oppvarming, latter og god stemning. Fjuken prata med fleire tilreisande som slo fast at Påskesprinten i Skjåk er eit høgdepunkt på fleire vis, ikkje minst sosialt.

Det er skigruppa i Skjåk IL som arrangerer den årlege Påskesprinten.

Sjå fleire bilde og les meir frå Påskesprinten i papiravisa neste veke.