Valmtak Eit valma tak i laft er ikkje dagleg kost, sjølv for Stokk og Stein.
(Foto: Hans Erik Kjosbakken)

Valmtak Eit valma tak i laft er ikkje dagleg kost, sjølv for Stokk og Stein. Foto: Hans Erik Kjosbakken

Byggjer «pyramide» i Lom

Laftebedrifta Stokk og Stein har nok eit spesielt oppdrag.

Eit hus i Drøbak, frå cirka 1790, vart totalskadd i brann i november 2015. Stokk og Stein fekk oppdraget med å «lappe det saman» og få det opp att.

Det mest spesielle med huset er takkonstruksjonen - lafta valmtak, ein konstruksjon som ikkje har vore gjort på eit par hundre år.

Stokk og Stein har tidlegare mellom anna bygt stavkyrkje og eit stort lafta hotell.

Les artikkelen i Fjuken etter påske.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå:
 

Ta bussen til fjells

I sommar kan ein ta bussen til fjells i Gudbrandsdalen og Valdres.

Skårar høgt i NAF-test

Skeid Kro i Skjåk og Bakeriet i Lom får skryt av NAF.

Billettsystem på Gjendebåten

Ny båt og booking gjev nytt rekordår

Gjendebåten ligg an til ein ny rekordsesong. Ny båt og billettsystem har noko av æra. 

Taus lokalradio i Skjåk

Ottadalsradioen slit med signal i Lom og Skjåk.

Får ros av landbruks- og matministeren

Landbruks- og matdepartementet rosar utviklinga på Billingen Seterpensjonat og Brimi Sæter.

Promillekøyring i Lom

Ein danske hadde tatt seg «en lille en» og vart stoppa av politiet i Lom sentrum.

Funne i god behald

Mannen som har vore sakna på Sognefjellet, er funne i god behald av leitemannskapa.

Leiteaksjon på Sognefjellet

Ein mann som skulle gå frå Nørstedalseter til Sognefjellshytta, er meldt sakna. Mannskap frå røde kors hjelpekorps deltek i leitaksjonen.

20. plass i NM i motbakkeløp

Vegard Galaaen frå Bøverdalen stilte laurdag i sitt fyrste NM i motbakkeløp. Av 192 startande kom han på 20. plass.

Solid innsats i Valdresrittet

Tormod Weydahl frå Ottadalen sykkelklubb vann klasse junior elite i Valdresrittet laurdag.

Vann NM på heimebane

Olav Opsanger  vann sin sjuande NM-tittel i hanggliding som vart avslutta i Vågå laurdag.