Klare Friviljuge og helikoptermannskap er klare til å rykke ut. Bak: Bjørn Midtskog og Kai Rune Kveen. Framme frå venstre: Stig Moen, Tåsten Nordal, Jim Jonsson, Vidar Vange, Konrad Soglo og Ole A. Hestenes og Kristian Kleppe frå Airlift.
Fremst hundeførar P. O. Gundersen og redningshunden Trulte.
(Foto: Hans Erik Kjosbakken)

Klare Friviljuge og helikoptermannskap er klare til å rykke ut. Bak: Bjørn Midtskog og Kai Rune Kveen. Framme frå venstre: Stig Moen, Tåsten Nordal, Jim Jonsson, Vidar Vange, Konrad Soglo og Ole A. Hestenes og Kristian Kleppe frå Airlift. Fremst hundeførar P. O. Gundersen og redningshunden Trulte. Foto: Hans Erik Kjosbakken

Fjellredningsstasjonen i Lom

Klare til innsats

Friviljuge og andre er klare til å rykke ut.

For 41. gong er fjellredningsstasjonen i Lom operativ til påske.

Friviljuge hjelpekorpsfolk frå Lom og Skjåk, Norske redningshunder og helikoptermannskap starta laurdag påskeberedskapen.

Hjelpekorpsveteran Arve Nørjordet sto for den offisielle opninga og kunne samstundes fortelja at hjelpekorpset i Lom fylte 60 år fredag.

Fjellredningsstasjonen har mannskap på plass kvar dag til og med andre påskedag.

Stasjonen i Lom er eineståande, og mannskapa kan rykke ut til store delar av fjellheimen i Sør-Noreg om det trengst.

Det har etterkvart vorte ei utfordring å rekruttere firviljuge til denne type teneste, mykje på grunn av at det blir stilt svært høge krav til hjelpekorpsmannskapa som gjer ein viktig friviljug innsats.

Det blir også forventa at dei rykker ut, utan at dei føler dei får så mykje att for det.

- Vi må faktisk pante tomflasker for å halde drifta i gang, sa operativ leiar i Skjåk, Kai Rune Kveen, til Fjuken tidlegar denne veka.

Veteran Arve Nørjordet opna den 41. påska på Fjellredningsstasjonen i Lom laurdag.
(Foto: Hans Erik Kjosbakken)

Veteran Arve Nørjordet opna den 41. påska på Fjellredningsstasjonen i Lom laurdag. Foto: Hans Erik Kjosbakken

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå:
 

Ta bussen til fjells

I sommar kan ein ta bussen til fjells i Gudbrandsdalen og Valdres.

Skårar høgt i NAF-test

Skeid Kro i Skjåk og Bakeriet i Lom får skryt av NAF.

Billettsystem på Gjendebåten

Ny båt og booking gjev nytt rekordår

Gjendebåten ligg an til ein ny rekordsesong. Ny båt og billettsystem har noko av æra. 

Taus lokalradio i Skjåk

Ottadalsradioen slit med signal i Lom og Skjåk.

Får ros av landbruks- og matministeren

Landbruks- og matdepartementet rosar utviklinga på Billingen Seterpensjonat og Brimi Sæter.

Promillekøyring i Lom

Ein danske hadde tatt seg «en lille en» og vart stoppa av politiet i Lom sentrum.

Funne i god behald

Mannen som har vore sakna på Sognefjellet, er funne i god behald av leitemannskapa.

Leiteaksjon på Sognefjellet

Ein mann som skulle gå frå Nørstedalseter til Sognefjellshytta, er meldt sakna. Mannskap frå røde kors hjelpekorps deltek i leitaksjonen.

20. plass i NM i motbakkeløp

Vegard Galaaen frå Bøverdalen stilte laurdag i sitt fyrste NM i motbakkeløp. Av 192 startande kom han på 20. plass.

Solid innsats i Valdresrittet

Tormod Weydahl frå Ottadalen sykkelklubb vann klasse junior elite i Valdresrittet laurdag.

Vann NM på heimebane

Olav Opsanger  vann sin sjuande NM-tittel i hanggliding som vart avslutta i Vågå laurdag.