Sognefjellsvegen

Inga opning til Krossbu

Ingen biltrafikk til Krossbu før påske.

Sognefjellsvegen blir ikkje opna fram til Krossbu til påske.

Det har Oppland fylkeskommune nå bestemt.

«Siden driftskontrakten beskriver åpning 1. mai, er det heller ikke forberedt noen beredskap på vegen før åpning denne datoen. Hvis vegen åpnes før påske, vil det kreve kontinuerlig overvåkning og beredskap. Vi mener det er mulig å få i stand dette, selv om apparatet ikke er der per nå. Åpning nå vil medføre en ekstra kostnad for Oppland fylkeskommune som vi pr. i dag ikke har oversikt over. Denne informasjonen kan fremskaffes ved behov», skriv fylkesrådmannen, som vidare opplyser:

«Værmeldingen for første del av påsken melder både mye vind og mildt vær. Dette gir større fare for snøskred og gjenfokking av vegen. Det er fortsatt store snøfonner langs vegen. Ved høye temperaturer og solsteik inn mot snøfonnene gir dette stor sannsynlighet for snøskred, først og fremst på ettermiddagen hvor sola står i rett posisjon inn mot fjellet».

Fylkeskommunen kan ikkje garantere for tryggleiken til dei vegfarande, men:

«Det ligger fortsatt til grunn at det gis tilgang til nøkler for bommen slik at reiselivsbedriftene kan ta inn gjester og forsyning på eget ansvar».

Fylkesrådmannen beklagar avslutningsvis at ein ikkje kan imøtekoma ynskjet om vegopning til Krossbu.

– Detter er beklageleg, at området ikkje vart tilgjengeleg, men nå er det altså sett punktum. Eg tykkjer likevel at dette har vore rotete frå fylkeskommunen si side, seier ordførar i Lom, Bjarne Eiolf Holø.

Han er likevel klar på at ein skal ha respekt for tryggleiken oppi dette, men stiller spørsmål om dette da vegen vitterleg vart oppfresa så seint som fredag.

Holø minner òg om at vegen vart opna både til påske i 2014 og 2015.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå:
 

Ta bussen til fjells

I sommar kan ein ta bussen til fjells i Gudbrandsdalen og Valdres.

Skårar høgt i NAF-test

Skeid Kro i Skjåk og Bakeriet i Lom får skryt av NAF.

Billettsystem på Gjendebåten

Ny båt og booking gjev nytt rekordår

Gjendebåten ligg an til ein ny rekordsesong. Ny båt og billettsystem har noko av æra. 

Taus lokalradio i Skjåk

Ottadalsradioen slit med signal i Lom og Skjåk.

Får ros av landbruks- og matministeren

Landbruks- og matdepartementet rosar utviklinga på Billingen Seterpensjonat og Brimi Sæter.

Promillekøyring i Lom

Ein danske hadde tatt seg «en lille en» og vart stoppa av politiet i Lom sentrum.

Funne i god behald

Mannen som har vore sakna på Sognefjellet, er funne i god behald av leitemannskapa.

Leiteaksjon på Sognefjellet

Ein mann som skulle gå frå Nørstedalseter til Sognefjellshytta, er meldt sakna. Mannskap frå røde kors hjelpekorps deltek i leitaksjonen.

20. plass i NM i motbakkeløp

Vegard Galaaen frå Bøverdalen stilte laurdag i sitt fyrste NM i motbakkeløp. Av 192 startande kom han på 20. plass.

Solid innsats i Valdresrittet

Tormod Weydahl frå Ottadalen sykkelklubb vann klasse junior elite i Valdresrittet laurdag.

Vann NM på heimebane

Olav Opsanger  vann sin sjuande NM-tittel i hanggliding som vart avslutta i Vågå laurdag.