Skjåkværen er spent på mottakinga av den nye serien «Wunderland», der han er éin av fem hovudpersonar. Den komande dokumentarserien som har premiere på TV 2 Zebra onsdag 19. april, og som skal ta over sendetida til den populære serien «Fjorden Cowboys», skildrar fem ulike liv innan rånar- og raggarmiljøet i Noreg, der bilen står i sentrum.

I eit heilt år har eit kamerateam frå Salto Film & Fjersyn, som har produsert serien for TV2, fylgd Jon Arild Jøingsli sitt daglegliv, både i Skjåk og andre stader. Også ein tur til USA blir skildra i serien.

«I ein travel kvardag der vi stressar for å rekke det vi skal og let mobiltelefonen styre store delar av liva våre, er det frigjerande å fylgje dei som absolutt ikkje let seg påverke av digitale duppedingsar», heiter det i omtala av serien.

Dagleg leiar og produsent i Salto Film & Fjernsyn, Tommy Maczim, er glad for at Jon Arild Jøingsli takka ja til å vera med i dokumentarserien.

– Jon Arild er ein herleg kontrast til andre medverkande i serien, og vi er utruleg stolte og glade for å ha med livsnytaren frå Skjåk. Det er herleg å sjå korleis Jon Arild Jøingsli tek vare på ting frå tidlegare epokar, og han lever eit liv som for mange av oss er svært eksotisk og spennande. Vi treng fleire som Jon Arild som tek vare på tradisjonar og kan minne oss på korleis ting var før i tida, seier Maczim til Fjuken.

Serien har premiere på TV 2 Zebra onsdag 19. april klokka 22.00, men allereie måndag 17. april tjuvstartar serien på TV 2 Sumo. «Wunderland» skal gå på tv i åtte veker, med to nye episodar kvar onsdag.

SJÅ OGSÅ REPORTASJE OM JON ARILD OG «LOKALET» HANS I PÅSKEAVISA!