Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på nettsida vår.

Denne vekas jubilant er Sigrid Lykre i Skjåk. Ho fylte 1 år 21. mars, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Sigrid fekk gratulasjon i avisa frå storesyster Anne, mamma og pappa, og bestemor og bestefar på Lykre.

Gratulerer med 1-årsdagen, Sigrid.