Natt til sundag 26. mars er det slutt på vintertida, og klokka skal da stillast ein time fram klokka 02.00, til 03.00.

Hugseregelen for stilling av klokka er at ein heile tida skal stille ho mot sommaren. Altså stiller vi klokka ein time fram om våren sidan vi da ser fram mot sommaren, og ein time attende om hausten sidan vi da ser attende på sommaren.

Neste gong vi skal stille klokka er sundag 29. oktober. Da er det vintertid att ...

PS: På dei fleste mobiltelefonar og datamaskinar stiller klokka seg sjølv.