Seminaret, som har fått namnet «Frå Paris til Skjåk», skal ha fokus på det grøne skiftet og Skjåk som klimabygd.

Fylkesmannen i Oppland, Energiråd Innlandet, Meteorologisk institutt, Klima- og miljødepartementet, stortingsrepresentant Anne Tingelstad Wøien, Fjordland, Elizabeth Hartmann i Siste Skrik og filosof Einar Øverenget er blant dei som står på gjestelista. Magnhild Bruheim skal vera ordstyrar.

– Seminaret skal gå føre seg i ein av produksjonshallane på Interfil. Der har vi plass til 200 personar, truleg enda fleire. I tillegg til foredraga, blir det lagt opp til ulike aktivitetar og mykje god mat, fortalde næringssjef Eli Johanne Lundemo da ho tysdag orienterte formannskapet om saka.