Bassenget i «samfunnshuset» i Lom har vore tomt i fem år. Det vart i si tid tømt og stengt grunna muggsopp.

Svømmeopplæringa i Lom har vore lidande desse åra, og foreldreorganisasjonar har i fleire omgangar gjeve uttrykk for misnøye med situasjonen.

Det har vore gjeve eit mindre tilbod om svømmeopplæring i bassenget på Fossberg hotell.

Bassenget blir i desse dagar testkøyrt, og ein håpar å sleppe til elevar etter påske.