Lisa Kronhaug er namnet til den nye rektoren på Lom ungdomsskule.

Kronhaug har dei siste tre åra vore leiar i Nav Lom og Skjåk, og har før ho flytta til Lom brei bakgrunn som lærar og leiar i vidaregåande skule i Oslo.

Ved sida av fleire fag, og utdanning i pedagogikk har Kronhaug ein master i management. Kronhaug har òg vore leiar i eksamensnemnda i Oslo og medlem i den nasjonale eksamensnemnda.

– Ungdomsskulen i Lom er kjent for å vera ein god skule, og det var viktig å finne ein som kunne utvikle skulen vidare. Det har vi nå gjort, seier rådmann Ola Helstad som er svært tilfreds med tilsetjinga.