Odd Joar Ramstad i Gudbrandsdalsegg er overvelda over trafikken i den nye «eggbua» ved YX i Vågå, som vart opna 22. februar.

– Eit slik utsal var etterlengta blant mange vagværar, og det er heilt klart ein marknad for å ha ei eggbu også i Vågå. Sidan vi opna sjølvbeteningsbua førre månad har det gått mykje av både eggekartongar og heile brett med egg, så dette går utruleg bra, seier ein nøgd Ramstad.

Frå før har Gudbrandsdalsegg ei liknande bu ved den gamle Ånstad-butikken i Skjåk. Den vart opna i august i fjor, og her er det innom folk omtrent kvar dag for å handle seg egg.

Sjølvbeteningsbua i Skjåk blir kontrollert og etterfylt med ferske egg kvar dag, medan bua i Vågå har litt større kapasitet, og Odd Joar Ramstad fortel at denne bua blir kontrollert og fylt på med egg to-tre gongar i veka.

I dei populære buene kan ein betale både med kontantar og via mobilbetalingsløysinga mCash.

Sidan Gudbrandsdalsegg-hønene starta å verpe på Nordigard Ramstad i august i fjor, har det vorte handtert og seld over ein halv million egg på garden på Ramstadstrondi. Ekteparet Gudrun og Odd Joar Ramstad har i dag 3.000 frittgåande høner på garden. I april får dei 1.000 høner til, og når den siste etappen av byggetrinnet deira er ferdig i sommar, har dei til saman 7.500 høner på Nordigard Ramstad.