Innspeling Cd-en med den musikalske storsatsinga «Ikkje ver blug - kyss meg!» blir lansert i mai. I helga er det plateinnspeling i Vågåkyrkja og på Gammel-Kleppe.
(Foto: Tom Erik Solstad)

Innspeling Cd-en med den musikalske storsatsinga «Ikkje ver blug - kyss meg!» blir lansert i mai. I helga er det plateinnspeling i Vågåkyrkja og på Gammel-Kleppe. Foto: Tom Erik Solstad

«Ikkje ver blug - kyss meg!»:

Stor plateinnspeling i Vågå

I helga er det innspeling av den musikalske storsatsinga «Ikkje ver blug – kyss meg!» i Vågå. Plata blir lansert i mai.

Cd-innspelinga er ei vidareføring av bestillingsverket «Ikkje ver blug – kyss meg!», som Vågå spel- og dansarlag bestilte til Landskappleiken i Vågå i fjor. Vegar Vårdal og Mette Vårdal i Kultivator står i bresjen for prosjektet.

Med stort og smått var om lag 100 personar med på bestillingsverket, som nå altså blir cd.

Cd-innspelinga starta torsdag og blir avslutta sundag. Blant dei mange som er med på innspelinga i Vågåkyrkja og på Gammel-Kleppe er Vågå spelemannslag, Damer i D-dur, Skultbakklaget, juniorspelemannslaget og Aasmund Nordstoga.

Mette Vårdal fortel at det blir spelt inn meir musikk enn det er plass til på plata, men at cd-en som inneheld både nyskrive og tradisjonelt materiale truleg vil få ei speletid på over éin time.

Plata «Ikkje ver blug – kyss meg!» skal etter planen lanserast både i Vågå og i Oslo i starten av mai.

Sjå meir i papiravisa neste veke.

Meir å lese på Fjuken:
 
Blir lese nå:
 

Asfaltering på Sognefjellet

Denne veka startar arbeidet med å legge meir enn 27 kilometer ny asfalt på fylkesveg 55 mellom Fossbergom i Lom og fylkesgrensa til Sogn og Fjordane.

Kuba er til sals

Kuba kafè og isbar i Lom sentrum er til sals.

Ekte og ærleg «politikar»

Snart åtte månader gamle Vilje Stee Vole deltok i kommunestyremøtet i Lom sist veke.

Ottadalen har fått eigne politikontaktar

Som ein del av den nye politireforma skal kvar enkelt kommune ha sin eigen politikontakt.

Lotto-millionær i Vågå

– Å herregud, kor mykje sa du at det var?

Eit yrande folkeliv:

Bildeglimt frå Fjordingsmartnan

Fleire tusen personar har besøkt martnan i Lom.

Vekas jubilant

«Vekas jubilant» er ei jente som har fylt 11 år.

Gode resultat i Lomseggen Upp

Motbakkeløpet Lomseggen Upp vart arrangert laurdag.

Gudbrandsdalens fyrste «drop in»-vigsel:

Historiske brudepar

Eitt par frå Vågå og eitt par frå Skjåk gjekk frå å vera kjærastepar til å bli ektepar under «drop in»-vigselen i Skjåk sankthanseftan.

Sommaropning i fjellet

Bli med på sankthansfeiring med fjellquiz på Sota Sæter, eller stigsykling frå Gjendesheim.

Fredag ettermiddag brakar det laus:

Klart for martna

Martnassjef Ove Nestvold lovar ei innhaldsrik helg under Fjordingsmartnan i Lom.

Lars får fotballtur

I fjor vart klassa Årets Ottadøl, nå gjev dei bort delar av prisen...

Fjuken:

Distribusjonstrøbbel

Fjuken med sommarmagasinet går ikkje ut i Skjåk torsdag.