– Dette er det største arrangementet nokosinne, seier Leif Skiaker i Breheimen Mat.

Lokalmatprodusenten i Skjåk er på plass under verdscupen i skiflyging (Raw Air) i Vikersund i helga. Arrangørane reknar med ein stad mellom 20.000 og 30.000 besøkande, og Breheimen Mat har ansvaret for all matservering til tilskodarane.

– Vi har heile seks utsalstader og kioskar gjennom helga, inkludert eit utsal i ein «afterskihall» med plass til 2.000 personar. Med stort og smått er vi bortimot 100 personar i sving for å selje og servere mat til dei besøkande, seier Leif Skiaker.

I tillegg til eigne folk, har han leigd med seg både skuleelevar og handballag for å få metta dei mange tusen hoppentusiastane i Vikersund.

Breheimen Mat er vant til store arrangement, og er mellom anna fast inventar på fleire av dei største musikkfestivalane i landet, i tillegg til store idrettsarrangement. I tillegg til å vera i Vikersund i helga, er Breheimen Mat til stades med salsbod på verdscupavslutninga i skiskyting i Holmenkollen.

Den populære elgburgaren, elgbaben og dei andre produkta til skjåkbedrifta er svært ettertrakta, og Leif Skiaker fortel at han stadig blir kontakta av nye og store festivalarrangørar.

Skiflygingsarrangementet i Vikersund er det største arrangementet for Breheimen Mat. Også i fjor hadde dei ansvaret for matserveringa i Vikersund.

– Vi går «all in». Det er mykje logistikk og anna som skal klaffe, og det blir nok ikkje mange timane på puta i helga, seier Leif Skiaker, som føler seg sikker på at han har belaga seg med nok mat for helga.

Han har til og med ordna seg med ein lagerplass i området for både kjøle- og frysevarer ...