Denne kvelden skal dei to vaksenkorpsa vere med på å gje skulekorpset eit lyft og auka interesse for å spele i korps.

Skulekorpset er inne i sin fjerde sesong og tel i dag 20 musikantar. Skulekorpset  saman med dei to musikkforeiningane, spelar opp til glede, glød og eit lite snev av spelegalskap i kulturhuset laurdag.

All inntekt frå kvelden går til Vågå skulekorps.