Ved 13-tida tysdag vart det innført kolonnekøyring på fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn, og klokka 03.00 natt til onsdag vart vegen stengt på grunn av uvêr.

Frå Vegtrafikksentralen får Fjuken onsdag morgon opplyst at vegen vart stengt på grunn av mykje vind og svært dårleg sikt, og at fjellovergangen truleg blir verande stengt ei god stund til.

– Brøytemannskap held på for fullt, men det er framleis dårleg vêr. Det er mykje vind på fjellet nå og det er meld stiv kuling og snø utover dagen. Vi skal få ei vurdering på snøskredfaren før vi tek stilling til når vegen eventuelt kan opnast att. Vurderinga kjem på føremiddagen ein gong, seier Christofa Key-Nilsen på Vegtrafikksentralen.

SISTE: Fjellovergangen blir ikkje opna att onsdag.

Hald deg oppdatert på veg- og trafikkmeldingar på Statens vegvesen sine nettsider.