Saka skal opp i formannskapet tysdag 21. mars.

I saksframlegget viser rådmannen til at sentrale styringsmakter med Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap i spissen, stadig set strengare krav til at førebyggande brannvern, samt at beredskap for brann og ulykker blir ivareteke på ein framtidsretta, effektiv og sikker måte.

– Ut i frå desse krava, ser ein at mindre kommunar nå har større utfordringar enn tidlegare med å innfri desse krava, skriv rådmannen.

Rådmannen skriv i saka at dagens brannsjefar er opptekne av at ein må få større fagmiljø, og sikre likebehandling av tenester til innbyggjarane i dei tre kommunane. Det er i dag godt samarbeid innan brannvern og med dei andre naudetatane politi og ambulanse, og sivilforsvaret i vaktdistrikt Vågå, Lom og Skjåk.

Rådmannen meiner det vil være fornuftig å greie ut moglegheiter for eit samarbeid for å sikre ei mindre sårbar teneste. Om politikarane går inn for å utgreie eit slikt samarbeid, skal dette vere ferdig og leggjast fram til politisk behandling før budsjett og økonomiplan 2018-2021 blir vedteke.