Vågå konsertserie er ein konsertorganisasjon etablert av Dag og Ingunn Lindvig på Gammel-Kleppe og Mette og Vegar Vårdal i Kultivator AS.

Konsertserien skal by på både kjent stoff og overraskingar, og spenne over eit breitt spekter av sjangrar. Målet er å kunne tilby rundt 10 konserter årlig, innenfor ulike sjangre.

I år presenterer dei eit program med ni ulike konsertar. Fyrst ute var plateslepp og konsert med Vegar Vårdal fredag kveld, der 45 tilhøyrarar fekk høyre slåttar frå plata «Ukvessa Slåtter».

Dette er Vårdal si fyrste soloplate. Spelemannen tok med publikum på ei musikalsk reise, frå hans fyrste møte med folkemusikken, leiker lært av faren Dag Vårdal, til læremeister Sven Nyhus, og Vågå.

Les meir frå konserten i avisa torsdag.

Vegar Vårdal spela på ulike typer feler, blant anna hardingfele under konserten.