Da huseigarane kom heim att frå arbeid torsdag, oppdaga dei at ei glasrute ved inngangsdøra var knust. På trappa låg ein stein som truleg var brukt til å knuse glaset med.

Huset ligg aust for Vågåmo, på Vøyllom.

Saka er meldt til politiet. Politibetjent Tina Eidsvaag seier at dei ynskjer tips om nokon har sett eller høyrt noko i dette området torsdag.

Når det gjeld saka om det løpske bilhjulet som susa rett inn i ein husvegg i Sveaholen og knuste ei vindaugsrute måndag kveld, så er den oppklara.

Politibetjent Johnny Gundersen fortel at eit par gutar hadde funne bilhjulet i ei grøft, og at det tunge hjulet strauk avgarde for dei da dei skulle trille det med seg.

Politibetjenten tvilar ikkje på forklaringa til gutane. Gundersen fortel at foreldra vil ta kontakt med huseigar for å betale for skaden det løpske bilhjulet gjorde.