Smakfullt og vakkert. Slik kan konserten i Utgard onsdag kveld stutt oppsummerast.

Aslak Brimi Kvartett spela hans nye komposisjonar, og han hadde med seg tre fantastiske musikarar.

Bjørn Kåre Odde frå Lom på fele og bratsj, Svein Tore Werstad på saksofon og Espen Wensaas på mandola.

Reidar Svare er ein aktiv musikar og ein av dei mest folkekjære songarane vi har i Ottadalen.

Jubileet utfordra Svare til å starte ein trio der han fekk utfalde seg som visekunstnar.

Med seg på laget hadde han gitarvirtuos Rune Kjørren og kontrabassist Gro Visdal frå Vågå.

Neste konsert i i serien er den 23. mars i Utgard. Da står Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch på scena, og det blir plateslepp med Aslak Brimi og hans prosjekt om Ola Moløkken.