Ved 18-tida måndag small eit bilhjul inn i veggen på eit hus i Kleivstuguvegen i Sveaholen i Vågå.

Bilhjulet trefte kanten på eit vindauge, og den ytste ruta vart knust.

Saka er meldt til politiet.

– Dette kunne fått store konsekvensar, seier politibetjent Roger Haugen.

Han seier at dekket på stålfelg veg ganske mange kilo.

– Det er livsfarleg å sende avgarde eit hjul slik. Tenkt om nokon hadde vorte treft, seier Haugen.

Politiet oppfordrar dei som har trilla avgarde hjulet om å melde seg. Haugen ber folk som har sett eller høyrt noko denne kvelden om å ta kontakt.

Bilhjulet trefte kanten på eit vindauge, og den ytste ruta vart knust. Foto: Privat