Til sommaren blir det ny båt på Gjende. Med den nye båten doblar ein passasjerkapasiteten.

På nettsida gjende.no kan fjellfolket om eit par dagar søkje opp rutetider for både Gjendebåten og korresponderande bussar.

Da kan ein bestille båtbillett slik at familiar og andre fjellfantar slepp byrje fjellturen over Besseggen i timelange køar på brygga ved Gjendeosen.

– Sjølv bikkja, kajakken og sykkelen kan ein no booke plass til på førehand, skriv Heidi Lillebråten ved Gjendebåten i ei melding.