Det skriv Hans Erik Kveum i eit innlegg i gruppa «Folkehøgskuleetablering, Nordberg skule» på Facebook.

Det er også Kveum som har oppretta gruppa, i håp om å skape nytt engasjement kring attbruk og fornuftig bruk av Nordberg skule i Skjåk, som blir ståande tom når den nye 1-10 skulen i Bismo blir ferdig og teken i bruk.

Tanken om å etablere ein folkehøgskule i Skjåk har vore jobba med sidan 2012, men stoppa opp av ulike grunner.

«Draumen om å nytte gode gamle skulen vår til å fortsatt lære bort, og å nytta naturen rundt som læringsarena. Håpet om å kunne dra vekslar på all den kompetansen som godtfolk sit inne med. Om å kunne formidle den fine kulturen vi har kring, jakt, fiske og foredling. Om givande arbeidsplassar, om folk frå alle himmelretningar som kjem til Skjåk for å bu eit år, lære, leva og for alltid hugse det året», skriv mellom anna Hans Erik Kveum i innlegget sitt i Facebook-gruppa.

Kveum understrekar ovanfor Fjuken at det ikkje er han som skal starte opp ein eventuell framtidig folkehøgskule, men at målet hans er å vere med på å skape det engasjementet som trengs for at ei gruppe gode folk kan gjere det.

– Så skal eg bidra med det eg kan om pedagogiske rammer rundt friluftsliv og tilrettelegging, seier han.

Hans Erik Kveum fortel at også Jarleif Ellingbø og Olav Bruheim Kvåle har vore involvert i engasjementet det siste året.

Facebook-gruppa «Folkehøgskuleetablering, Nordberg skule» vart oppretta laurdag og har i skrivande stund sundag passert 80 «likarar».

Hans Erik Kveum har fått berre positive attendemeldingar på innlegget sitt. Dette er blant kommentarane:

«Stå på vidare med dette!!! Draumen kan bli verkelegheit. Lykke til!».

«Gi gass! Sender deg ein jobbsøknad når det lir på».

«Det mest fornuftige eg har høyrd på lang tid i høve til Nordberg skule. Lykke til».

«Dette har det vore mykje prat om, ein kan få til det meste!!».