Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider.

Denne vekas jubilant er Oliver Aaboen i Skjåk. Han kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Oliver fyller 2 år i dag, laurdag, og vart mellom anna gratulert i avisa av Mommo og Kjell Rune.

Gratulerer med dagen, Oliver!