Laurdag opna MX Sport Rondane på Vågå Handelshus i Mo'om.

– Vi har venta på denne dagen. At ei bedrift satsar både på Otta og i Vågå viser ambisjonar og vilje til å tørre å satse, sa ordførar Iselin Jonassen da ho opna butikken.

Dei to lomværane Ola Plassen og Lasse Botten opna MX Sport Rondane på Otta i 2014, og nå satsar dei altså vidare ved å etablere ein fullsortiment sportsbutikk også i Vågå.

Det var svært hektiske timar i butikken etter opninga laurdag morgon. Ein kunde Fjuken prata med i gangen på handelshuset hadde stått i kø i nesten ein halv time for å betale tilbodsvarer og anna på den nyopna MX Sport-butikken.

Den fleire titals meter lange køa frå kassa og heilt bak til veggen bakarst i butikken, ville ingen ende ta laurdag.