Langt bortimot 200 bilar, og rundt 300 deltakarar er med i det internasjonale billøpet «The Barrel Challenge». Løpet tek mål av seg til å vere den «sprøaste og mest underhaldande» turen gjennom Europa for eventyrlystne sjåførar. Det spesielle billøpet startar i Nederland, og går via Tyskland, Sverige og Noreg, før det blir avslutta i Danmark.

Torsdag prega billøpet Ottadalen, og dei mange spesielle bilane vekte oppsikt da dei køyrde gjennom kommunane i dalføret. Bilane som deltek i «The Barrel Challenge» kan ikkje vere nyare enn 1999-modell, og kan ikkje koste meir enn 500 euro - rundt 4.500 norske kroner. Målet med billøpet er ikkje å kome fyrst i mål, men i det heile teke å kome seg i mål. Undervegs får deltakarane ulike oppgåver dei må løyse.

Fleire av dei nederlandske bilane som køyrde gjennom Ottadalen torsdag, var innom Bruktbua ved Ånstad i Skjåk.

Anne Birgith Moen jobbar på bruktbutikken. Ho fotograferte mange av bilane, og kan fortelje at deltakarane i «The Barrel Challenge» var artige folk.

– Alle som var innom Bruktbua var svært trivelege! seier Anne Birgith.

Sjå bildeserie øvst i saka.