Ulykka skjedde ved Tessand i Vågå kommune, ved 09.30-tida torsdag morgon.

Alle naudetatane vart sendt til ulykkesstaden. I fylgje politiet var det berre eitt køyrety involvert.

– Det var to personar i bilen. Desse har kome seg ut, men skadeomfanget er så langt ukjent, seier operasjonsleiaren i Innlandet politidistrikt til Fjuken.

Ambulansepersonell var raskt framme på staden for å ta hand om dei involverte.

Ved 10-tida kan politiet melde om at båe personane verkar å vera uskadde, men at dei er tekne med for ein sjekk på legevakta.

Bilen som var på veg vestover fekk i fylgje politiet sleng, og køyrde inn i ein fjellvegg. Vitnar har sagt til politiet at bilen ikkje hadde høg fart. Det er svært glatte vegar fleire stader i Ottadalen torsdag.

Den involverte bilen, føraren og passasjeren var frå Nederland.