Gjennom dei tre sesongane «Odins gull» i 2014, «Cybergullet» i 2015 og «Keplerdiamantene» i 2016, vart tv-sjåarane godt kjende med ungdomsgjengen «Trio».

Nå flyttar den populære gjengen over til kinolerretet. Fredag er det noregspremiere på barne- og ungdomsfilmen «Trio – Jakten på Olavsskrinet». Fleire av scenene i filmen er, i likskap med dei tre tv-sesongane, spelt inn i Skjåk.

Filmen blir vist i Utgard i Lom fredag kveld, og i Vågå kulturhus sundag kveld.

I helga var det førpremiere på «Trio»-filmen på Lillehammer kino for alle som har vore involverte både foran og bak kamera. Blant dei som var til stades var eit tjugetals personar frå Skjåk, Vågå og Nord-Fron.