Tysdag ettermiddag køyrde ein varebil av vegen og hamna på taket ved Synstnes, vest for Lom sentrum.

Sjåføren fekk problem på glatta på riksveg 15. Sjåføren vart sjekka av personellet på ambulansen.

Både politi og ambulansen meldte om frykteleg glatt veg. Operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt rekvirerte strøbil etter ulykka.

Sjåføren som var frå Gjøvik-området, blir meldt for utforkøyringa.