Sidan april 2015 har det vore ei prøveordning med felles leiing av de to tingrettane i Gudbrandsdalen, ved at sorenskrivaren i Sør-Gudbrandsdal tingrett har vore konstituert som leiar for Nord-Gudbrandsdal tingrett.

På bakgrunn av erfaringar og evaluering frå prøveordninga, vedtok styret i Domstoladministrasjonen måndag at prøveordninga skal gjerast om til permanent felles leiing.

«Sorenskrivarkontoret» i Vågåmo blir behalde som i dag.

– I fyrste omgang forventar vi at felles leing skal vere eit verkemiddel for å utnytte ressursane betre, og at domstolane totalt sett får meir ut av nåverande ressursar, seier direktør Sven Marius Urke i Domstoladministrasjonen i ei pressemelding.