Vågåfjell Turløyper har i mange år sendt ut giroar med oppfordring til økonomisk bidrag frå privatpersonar og hyttefolk.

– Vi har mange skiløparar som ynskjer å bidra med støtte til løypenettet, seier styreleiar Øistein Formo. I samarbeid med Sparebank 1 Lom og Skjåk lanserer ein nå betaling med mCASH.

– Vi vil sette opp 50-100 skilt i heile løypenettet med QR-kode slik at skiløparar kan betale via mobiltelefon. Nye digitale løysingar gjev fleire moglegheit til å bidra. Når folk har vore på ski i området og ser kor fint vi har det her, håpar eg dei vil stoppe opp ved eitt av skilta vi set opp, ta fram mobilen og betale, seier Formo. Han seier det er har vore etterspurnad etter slik løysing ein nå innfører.

– Mange i dag forventar å betale via mobiltelefon. Ei slik løysing gjer det enklare å bidra, seier Kristin Nygård Lonbakken, marked- og kommunikasjonsansvarleg i Sparebank1 Lom og Skjåk.

Styreleiaren fryktar ikkje at dette skal bli sett på som mas og tigging om pengar.

– Nei, vi vil køyre skiløyper uansett. Dette er ei moglegheit til frivillig bidrag. Til fleire som er med og bidreg, til betre jobb kan vi gjere og få meir ut av løypenettet, seier Formo.

Løypenettet i Heimfjellet og Sjodalen tel cirka 300 kilometer med skiløyper. 150 kilometer blir køyrt med løypemaskin. Resterande blir køyrt med snøskuter og traktor med fres.