27-åringen frå Lom scora laurdag sitt fyrste mål for Norge da landslaget i sandfotball slo Irland 8-2 under Pattaya Beach Football Cup som går av stabelen i desse dagar.

Espen Nyøygard og det norske landslaget deltek i turneringa, der dei møter dei beste laga i verda i denne sporten.

Nyøygard som i mange år spela fotball for Lom, spelar i dag for Sagene i Oslo. Far Stein Nyøygard fortel at sonen har ein kamerat som i fleire år har spela på landslaget i sandfotball.

– Espen har trena med landslaget sidan sist vår, seier Stein Nyøygard. Han fortel at det norske laget reiste til Thailand torsdag, og kjem heim att 21. februar.

Norge spelar i gruppe B saman med Frankrike, Finland, Russland, Nederland og Irland. I gruppe A spelar Tyskland, England, Italia , Kamerun, Skottland og Thailand.

Pattaya Beach Football Cup er ei årleg turnering og blir i år arrangert for 12. gong.

Stein Nyøygard fortel bana for strandfotball er mindre enn ei halv fotballbane. Den norske troppen består av ti spelarar. Det blir spela tre omgangar, der kvar omgang er på tolv minutt. Det er fem spelarar på bana, inkludert keeper.

– Det er hardt å springe og spela fotball i sand, difor er det rullerande innbytte, fortel Stein Nyøygard.

Sundag spelar Norge mot Finland, måndag mot Russland, tysdag mot Frankrike og onsdag mot Nederland. Når gruppespelet er over, startar sluttspelet. Så gjenstår det å sjå om Espen Nyøygard og det norske laget kjem til finalespelet.

Espen Nyøygard scora sitt fyrste landslagsmål i kampen mot Irland. Her frå tida da han spela for Lom på kunstgras i Grov. Foto: Privat