Nye butikkar er på veg inn i Vågå handelshus i lokala etter matbutikken. Nå i februar opnar det ny sportsbutikk i stordelen av lokala, og før påske kjem ein liten nisjebutikk og kafé. Anita Maurseth har kjøpt Renseriet i Vågå.

Landhandel

Det er eigarane av Bokhandel'n kafé; Kristiane Skjedsvold Hermansen, Elisabeth Braaten Resseth og Tor Andvord, som står bak satsinga på Vågå handelshus. Dei har stifta dotterselskapet Snarkjøp Vågå AS, som nå er i ferd med å etablere seg med butikk på «handelsforeininga».

Snarkjøp er ei lita kjede som til nå er representert på 40 småe plassar i landet. Andvord fortel at butikken skal vere ein kombinasjon av nisje- og matbutikk, som eit gamalt landhandleri.

Her skal ein finne lokal mat, brødvarer over disk og eit stort utval av øl.

– Det skal bli ein gamledags landhandel og liten kafé i front av lokalet, seier Andvord. Han fortel at lokalet er på 250 kvadratmeter, men at ein med enkle grep kan dele frå 100 kvadratmeter for å møte kravet om storleik for sundagsope butikk, såkalla «Brustadbu».

Andvord håpar dei kan opne den nye butikken på Vågå handelshus før påske.

Renseriet

Synnøve Øygarden som har drive reinseriet i eitt år, vil konsentrere seg om drifta og vidareutvikling av Veistadhjørnet Kafé, og bestemde seg difor for å selje reinseriet som vart starta opp på Vågå handelsforeining så tidleg som på midten av 1980-talet.

Den nye eigaren Anita Maurseth er opphavleg frå Harstad, men har budd i Vågå i 15 år. Her har ho mellom anna jobba som gardbrukar. Ho har også jobba som servitør og reinhaldsarbeidar ved det tidlegare kurs- og konferansesenteret Sundhågån.

– Eg gler meg til å ta fatt på denne jobben, og er kjempemotivert. Her kan folk levere nær sagt alt som tåler å bli vaska. Det kan vere private klede, sengeklede, dukar og anna, seier den nye eigaren av Renseriet i Vågå.

Snikkarane Hans Petter Bakke og Magne Steinehaugen i full gang med å byggje kafédisk. Foto: ARVE DANIELSEN