Skjåk kommune må kutte fleire millionar kroner.

Det er fleire grunnar til behovet for innstrammingar: Redusert utbyte frå Skjåk Energi på 3,3 millionar kroner, redusert inntekt frå eigedomsskatt på 1,4 millionar kroner og eit krav frå kommunestyret om at drifta av nærings- og landbruksavdelinga skal finansierast av ordinære driftsmidlar og ikkje av næringsfondet.

Alt i alt skal det kuttast utgifter for 3,3 millionar kroner i 2017 og 5,6 millionar kroner i 2018.

I ei sak som neste veke blir lagt fram for formannskapet, legg rådmannen fram følgjande forslag til reduksjonar:

•Stillinga som assisterande rådmann skal bort frå 1. juli 2018. Tiltaket kjem i tillegg til allereie innarbeidd plan om å redusere med fire årsverk i administrasjonen innan 31. desember 2020.

•Talet på medlemar i kommunestyret skal reduserast frå neste valperiode.

•Rådmannen foreslår å kutte 4 årsverk i barnehagane frå barnehageåret 2017-2018.

•Kulturadministrasjonen har i dag av to halve årsverk. Rådmannen meiner at reduksjon med eit halvt årsverk er mogleg frå 2018.

•Kulturskulane i Lom og Skjåk er i drøftingar om samanslåing. Dei to kulturskulane er på fleire måtar ulike, men rådmannen meiner det likevel vil vera eit potensiale for å ta ned utgiftene dersom drøftingane om ein felles kulturskule fører fram.

•Det er innleia drøftingar med Lom kommune om mogleg vertskommunesamarbeid om kommunehelsetenester: Lege, helsesyster, ergoterapi og jordmor. Psykisk helseteneste er allereie eit felles tenesteområde. Rådmannen slår fast at det er for tidleg å konkludere med kor stor den totale ressursbruken skal vera i ei eventuell felles teneste nå, men han vil likevel foreslå å halde ein legeheimel ledig i kommunalplanperioden.

•Ledige stillingar på grunn av langtidsfråver eller ved naturleg avgang, kan stå ledige for eit stuttare eller lengre tidsrom. Det skal sjølvsagt gjerast vurderingar opp mot konsekvensane i kvart enkelt tilfelle, skriv rådmannen.

Rådmannen seier i saksframstillinga at prosessen fram til dette, har skjedd i samråd med dei tillitsvalde.

Formannskapet får saka til behandling fyrskomande tysdag.