Bak selskapet Trikant AS står Brage Weldingh, Harald Brimi, Tore Weldingh og Andre Visdal Villa.

Bygget er seld for 2,85 millionar kroner frå Lars Andre Storlien og Leiv Arne Storlien til selskapet Trikant AS. Det er Norddalen som skriv dette ut frå opplysingar avisa har fått frå Statens kartverk.

Styreleiar Harald Brimi vil ikkje seie noko om planane enno. Torsdag klokka 13.00 var det overtaking av eigedommen.

Dei fire eigarane skal nå samlast for å sjå på bygget og diskutere planane dei har.