– Kundane vil ikkje merke mykje av dette. Her vil det vera tilnærma likt seg i framtida, seier Per Magne Storkjørren som har drive bensinstasjonen i Nordberg i Skjåk sidan januar 1992.

I 2016 skifta alle Statoil-stasjonar namn til Circle K, og for eit par veker sidan vart den tidlegare Statoil-stasjonen i Nordberg omprofilert.

Onsdag baud stasjonseigar Per Magne Storkjørren på kaffe, blautkake og kringle i høve overgangen til Circle K.

– Mellom Otta og Stryn er eg nå den einaste Circle K-stasjonen som er synleg frå hovudvegen, og dette merkar eg allereie godt ved at det har vore ein klar auke på stasjonen når det gjeld tungtransport, seier Storkjørren.

For han var det naturleg å bli med inn i Circle K, sjølv om eigarskapet vart canadisk.

– Eg har ikkje vurdert å gå over til noko anna. Sjølv om selskapet nå er utanlandskeigd, har eg trua på at dette skal gå bra, så lenge vi har gode norske styrarar på stasjonane, seier Per Magne Storkjørren.