Gaupejakta starta 1. februar. I Vågå, Lom, Skjåk, Lesja og Dovre var det kvote på eitt dyr.

Eit jaktlag med 5-6 jegerar starta å spore gaupa torsdag morgon frå Kleppehøgda.

Paul Øien fortel at dei spora gaupa som låg oppå Sundsteinen. Gaupa tok mot Sjårdalen og ned Skottlia, der den seinare på dagen vart felt.

Lite snø gjorde at det var vanskelege forhold å spore på.

Det var sonen Sigurd Øien som felte gaupa.

– Gaupa kom på posten og da var det kort prosess, fortel Sigurd Øien. Dette er den fyrste gaupa for den erfarne jegeren.